Porting av topp

Her kan du diskutere hva det måtte være angående Corrado.

Moderator: Moderators

Post Reply
User avatar
Ingeper
Posts: 34
Joined: 14 Oct 2007, 21:47

Porting av topp

Post by Ingeper »

Tenkte andre kunne få glede av denne mailen eg fikk av Velox Motor:

Hei Mr. Måkestad,

Porting av sylindertopp: Her kan det gjerast mykje forskjellig som gjer alt frå moderat til svært høg auke av effekt. Prisen er avhengig av deler og kor mykje arbeid som blir lagt ned i toppen. Kan utføra effektaukande maskinering i luftkanalar og ventilsete og bruka originalt dimensjonerte ventilkomponentar. Kan og byta til større ventilar, så lenge desse passar på dei originale ventilsetene. For å ta det lenger, kan ventilsetene bytast ut til større, for ytterlegare større ventilar, og dermed høgare effekt om portingen elles er gjort rett. Ventilane i lag med ventilstytring, låsar, tetningar og øvre ventilfjørsete kan alle bytast til komponentar med slankare design for lettare vekt og mindre restriksjon (=betre gjennomstrøyming) inne i porten. Flowtesting blir alltid utført før, under og etter porting for bekrefta auke av flow. Pris for slikt arbeide begynner på kr. 6500,- eks. mva. Dette inkluderer overhaling og delane som krevs til dette (high-flow silsium-mangan-bronse styringar og Viton ventiltetningar)

Trimkam: Finst fleire forskjellige, alt etter kor mykje motoren er trimma og kva turtal som skal optimaliserast. Finst både mekanisk og hydraulisk. Mekaniske gjer typisk meir effekt, toler høgare turtal og har breiare spekter (lengre register) med optimal effekt. Men mekanisk kam krev byte til mekaniske ventil-lyftarar og oftast strammare ventilfjører. Prisen for kammar ligg mellom kr. 1672,- og kr. 2792,-. Me kan og laga kammar spesialtilpassa sylindertoppens eigenskapar etter porting for optimalt resultat. Dette kostar kr. 2792,- om kjøpt i lag med porta topp.

For å lista opp alternativa med pris:

* Komplett overhaling, effektaukande maskinering (porting) og flowtesting av VW G60 sylindertopp med +1mm større innsugventilar. Std dimensjon på ventilstamme. Kr. 7500,- inkl. deler som ventilstyringar, tetningar og ventilar. Flowauke på 24-25% * Komplett overhaling, effektaukande maskinering (porting) og flowtesting av VW G60 sylindertopp med +1mm større innsugventilar. -1mm mindre ventilstamme for lettare vekt og betre flow. Kr. 8600,- inkl. deler som ventilstyringar, tetningar og rustfrie high-flow ventilar. Flowauke på ca. 30-31% * Komplett overhaling, effektaukande maskinering (porting) og flowtesting av VW G60 sylindertopp med +1mm større innsugventilar og eksosventilar. -1mm mindre ventilstamme for lettare vekt og betre flow. Kr. 9600,- inkl. deler som ventilstyringar, tetningar og rustfrie high-flow ventilar. Flowauke på ca. 30-31% * Komplett overhaling, effektaukande maskinering (porting) og flowtesting av VW G60 sylindertopp med +1mm større innsugventilar og eksosventilar. -1mm mindre ventilstamme for lettare vekt og betre flow. Kr. 10500,- inkl. deler som ventilstyringar, tetningar og rustfrie high-flow ventilar. Flowauke på ca. 35% * Komplett overhaling, effektaukande maskinering (porting) og flowtesting av VW G60 sylindertopp med +2mm større innsugventilar i større ventilsete og +1mm eksosventilar. -1mm mindre ventilstamme for lettare vekt og betre flow. Kr. 13000,- inkl. deler som ventilstyringar, tetningar og rustfrie high-flow ventilar. Ekstrem topp. Flowauke på 42%. I oppsett med mekanisk kam har me fått ut over 180HK med slik topp, og det FØR ladetrykk!

Prisane over er eks. mva. Har du spørsmål er det det berre å spørra!
User avatar
Oekern
Moderator
Posts: 2228
Joined: 14 May 2008, 15:15
Location: Maura
Contact:

Re: Porting av topp

Post by Oekern »

Ja dette var nyttig og oversiktlig.
Den sistnevnte med 42% flow økning virker jo interresant !

Men er det så ekstremt at dette korter ned levetid ?
It´s hard to imagine; Picture me rollin`
I´m BANKRUPT ! - A G60 owner
User avatar
Ingeper
Posts: 34
Joined: 14 Oct 2007, 21:47

Re: Porting av topp

Post by Ingeper »

Høyres extremt ut Ja :? Om det går ut over levetid veit eg ikkje.. Men som han sa:

Har du spørsmål er det det berre å spørra!

Med vennlig hilsen, Karl Jacob Stakseng Velox Motor Førre NO-5563 FØRRESFJORDEN NORWAY

Tel. (+47) 52 77 52 00 Fax (+47) 52 90 90
info@veloxmotor.no
Post Reply